Kva skal tittelen vere?

Velegna som litt ekstra godt til ein hyggjestund, som mellommåltid, i matpakken og på stranden. Som dykk sikkert har forstått for lenge sida starta vi dagens innlegg med litt info om kanelgifler frå Pågen. Pågen seier også at kanelgiflane er gode varme, dette kan me avkrefte på det sterkaste. 

Tilbake til brakka.Dragon Finne har dei siste dagane revolusjonert tidsfordriv, det han gjer er å praktisere den magiske kunsten soving. Som dykk kan sjå i dette innlegget har brakkesjuka mutert til utenomjordiske dimensjoner, og vi har absolutt ingen ting fornuftig å skrive om. Men trofast mot dykk der heime, som me er, har me valgt å skrive litt i dag og. Tidligere har me nevnt at våren hadde endelig kome til Setermoen, noko som viste seg å vere falsk alarm, men no kan det sjå ut som om våren verkeleg har forplanta seg i indre troms. Då me våkna i dag tidleg var det heile sju varmegrader og snøen byrja for alvor å smelta vekk. For oss betyr dette lange turer i råtten snø opp til livet, samt dammer som dekkjer store deler av oppstillingsplassen til sanitetsbataljonen, som for øvrig er på perm. Nokon i tropp 2 har også prøvd fiskelykka her i dammen, men utan hell. Ironisk nok var det fisk til middag i messa i dag. Lakselasagne er ikkje noko å prøve i heimen, til tross for at dragon Ankre syntes det var bsa. I tv stova kjemper gutane i easy company seg videre gjennom nazi Europa. Etter ein dommertabbe (kvifor Hauge, kvifor?) av dimensjoner fekk Vålerenga med seg tre poeng frå Stavanger i kampen mot Viking, lillebror i vest. Det kan kome godt med i kampen mot nedrykk for Martin og co. Vi hadde håpet korporal Hjelmeland hadde vore å snakke med “fem på gata” til dagens innlegg, men han var for opptatt med å fotballsutre (det vil seie å sutre over fotballen som vært spela på fjernsynet). Når me snakker om sutring, rekrutt Breivik har vore sjuk i dag. Han kasta opp, sjølvsagt rett før dragon Ankre måtte skrubbe dassen rein for bremsespor. Oi, dette vart jo eit reint så bsa innlegg. For å toppe det heile gjer vi dykk no dagens tilfeldige bilde, samt dagens visdomsord.

將功成萬骨枯 (Tens of thousands of bones will become ashes when one general achieves his fame.)

Bjørn og bjørn

Si dine ord